19. møte om norsk språk (MONS 19), UiT Norges arktiske universitet, Tromsø, Norway
The file is open to annotations via Hypothes.is. Comments are always welcome!
Categories: North Germanic Historical phonology
I føredraget set eg fram nokre resultat frå ei gransking av fleire fonologiske mønster i norsk (og i den breiare vestnordiske konteksten), med utgangspunkt i livssyklusmodellen for lydendring. I denne modellen skjer lydendring ved at automatisk fonetisk variasjon vert til fonetiske reglar, deretter til kategoriske fonologiske reglar og vidare til sykliske fonologiske reglar i samspel med morfologien. Eg viser korleis denne modellen kastar nytt lys over fleire velkjende mønster i norsk fonologi og morfologi, frå både strukturelle, historiske og dialektologiske standpunkt. Eg set spesielt fokus på samspelet mellom den laryngale kontrasten i klusilane og utviklinga av vokalisk kvantitet i norske dialektar og andre vestnordiske språk, og viser korleis vi kan forstå fenomen som preaspirasjon og lenisering i lys av livssyklusmodellen.
I’m Pavel Iosad, and I’m a Professor in the department of Linguistics and English Language at the University of Edinburgh. ¶ You can always go to the start page to learn more.